Fleire forskarar frå AI LEARN og Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) presenterte pågåande forsking.

Jon Christian Fløysvik Nordrum og Ingunn Ikdahl(UiO) presenterte Digital Velferdsstat-prosjektet. Fride H. Klykken og Rosaline Barendregt frå AI LEARN og SLATE (UiB) presenterte UngBlikk-studien* som handlar om norske elever sin tillit til kunstig intelligens (KI)🤖.
Studien undersøkjer elevane sine eigne erfaringer og refleksjonar rundt bruk av KI i skulekvardagen, og er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen🤝.
– Barn og unge bruker KI i kvardagslivet til mange ulike formål. Vi meiner at det er viktig å undersøkje kva ungdom veit om KI, og korleis dei opplever å bruke KI på fritida og på skulen, seier Klykken.

👥 Klykken og Barendregt viser til at Utdanningsdirektoratet 📖📚 sine råd om KI i skulen legg vekt på elevmedverknad, blant anna at lærare bør snakke med elevar om kva KI er, kva slags moglegheiter KI kan gje dei, og kva slags farar bruken kan innebære.
Dei foreløpige funna til UngBlikk-studien viser at elevar ser ut til å bruke både dei KI-verktøyene som skulen anbefaler, men også mange andre “uoffisielle” KI-verktøy som dei allereie brukar på fritida. Vidare fortell Klykken at elevar ikkje verkar særleg bekymra for korleis og kva slags data slike verktøy samlar inn om dei.
Klykken og Barendregt fortel at elevane forstår hovedsaklig KI som "praterobotar" (chatbots), og veit ikkje like mykje om korleis andre applikasjonar eller program tar i bruk KI.
* 📢 UngBlikk-studien er ein del av EduTrust-prosjektet som er støtta av Trond Mohn forskningsstiftelse.

